Friday, May 16, 2008

Ikke min, men min kones Fredagsplate...


Denne uka har jeg ikke vært innom noen av hovedstadens platebutikker, men det har min kone, Mari. Mari er over gjennomsnittet interessert i klassisk musikk, som evighetsstudent i bruk av instrumentet fiolin. Dette er et lite bidrag til å utvide både min og din kulturelle horisont.

Fabio Biondi er fiolinist og kunsterisk leiar med ansvar for tidlegmusikk for Stavanger Symfoniorkester. Og sidan eg bur i Stavanger for tida vart eg nysgjerrig då eg såg ein CD med Fabio Biondi og orkesteret Europa Galante hjå Musikkhuset med dei tre fyrste av Mozart sine fem fiolinkonsertar.

Sidan eg for tida øver hardt og mykje på fiolinkonsert nummer tre i G-dur så skal eg i denne platemeldinga fokusera på den. Eg syns det er veldig vanskeleg å finna ein god innspeling av den musikken eg sjølv speler, og særleg Mozart sine verk. Mange innspelingar er ganske preglause, men ikkje Biondi sin. Europa Galante er eit lite orkester, med kun 13 strykarar og sju blåsarar. I tillegg står det i heftet som fylgjer med cden at det er med eit fortepiano og ein gitar. Desse instrumenta står ikkje i partitura til konsertane, og dei er heller ikkje veldig framtredande i lydbiletet. Men saman med den velste besetninga gir dei orkesteret ein litt tett og skarp klang. Det blir særleg tydeleg i den fyrste satsen sitt hovudtema, der både Biondi og Europa Galante spelar for kort og hardt for min smak. Men i andre parti fungerer den besetninga betre, og gir musikken ein fin rytmisk framdrift.

Elles speler Biondi alle dei tre satsane i eit litt høgare tempo enn det som er vanleg. Det gir ein fin framdrift og energi, men dessverre så tippar det av og til over, og blir hastig og nesten litt slurvete i den fyrste satsen. I den andre satsen gjer det litt høge tempoet at den ikkje stagnerer, som den kan gjera i eit lågare tempo, men ulempa er at satsen mister litt av det utruleg vakre og fredfylte preget den kunne hatt.

Biondi speler med ein vakker og klar klang, og har mange fine fraseringar. Bakgrunnen hans frå tidlegmusikk er tydeleg. Dette er ein Mozart-innspeling som eg trur eg kjem til å få mykje inspirasjon og glede av, men det er ikkje eit must for dei som nøyer seg med ein av kvart verk. For oss andre, som gjerne vil har både tre, fire og fem innspelingar, er dette ein god cd som skiller seg ut i mengden.

1 comment:

Anonymous said...

Så gøy med Mariblogging! Jeg har savnet «Revolusjonen kjem! Hurra!» siden hun la den ned, jeg!

Selv om dette var veldig ny type musikk og musikkforståelse for meg, det skal jeg innrømme (c;